Sommarvikarar

Frå sjø til land. Frå dei djupaste havbunner til verdsrommet heilt ytterst. Kartverket er Statens fagorgan for kart, geodata og informasjon om eigedom. Vår oppgåve er å byggja og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land samt arbeida saman med kommunar, statlege organ og private aktørar. Vår jobb er å gjera det enkelt å samla, bearbeida og dele stadfesta informasjon.
Vi har 13 kontorstader frå sør til nord samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.

 

 

Kartverket Ullensvang treng ferievikarar

 

Avdelinga i Ullensvang har ansvaret for kundesenteret til Kartverket og me treng hjelp i sommar.
På kundesenteret er me dagleg i kontakt med ulike kundar og brukargrupper. Dei fleste vil prata
med oss på telefonen, medan nokre tek kontakt via e-post eller nettprat. Me rettleier i
tinglysingsaker, og hjelper den enkelte med informasjon om saker knytt til eigedom og elles det
meste som me i Kartverket arbeider med.

 

I avdelinga er me 45 medarbeidarar som arbeider fast her, men gjennom ferieavviklinga treng me
å ha eit godt team med vikarar som du også arbeider saman med.
Vårt primære behov for hjelp er i tidsrommet juni til slutten av august. Det er derfor svært viktig at
du skriv kva tidsrom du kan arbeida i.

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide på kundesenteret og svare på spørsmål/førespurnader som kjem inn via telefon. Å svare på nettprat eller e-post kan også bli aktuelt
  • Andre oppgåver kan også bli pålagt

 

Kvalifikasjonar

  • Du må ha gjennomført vidaregåande skule og vera over 18 år. Det er ei ekstra føremon om du har starta på høgare utdanning
  • Det er ynskjeleg med utdanningsløp frå juss, samfunnsfag eller anna relevant studieretning
  • Det er ein fordel med erfaring frå tinglysing, eller anna relevant erfaring
  • Du må ha god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg

 

Personlege eigenskapar

  • Du må vera nøyaktig, grundig, pliktoppfyllande og fleksibel
  • Du må ha gode samarbeidsevner
  • Du må kunne arbeida effektivt og trivast i eit til tider travelt miljø

 

Me tilbyr

  • Løn som konsulent, kode 1065, kr 236,- pr-time

 

Ønsker du meir informasjon om stillingane, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Marita Århus,
941 59 478, eller seksjonsleiar Svein Ringheim, 952 33 341.
 

 

Om oss

Vi ynskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass der vi gjenspeglar mangfoldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løysa vårt samfunnsoppdrag. Vi ynskjer difor at alle kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av redusert funksjonsevne, innvandrarbakgrunn, hull i CV-en eller av ulike årsaker ikkje kan dokumentera ein samanhengande yrkeskarriere.

For at du skal bli vurdert som søkar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lesa meir om dette på http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Regelverket stiller krav til både verksemd og søkarar når det gjeld «positiv særbehandling ved jobbsøk i Staten».

Les meir om Kartverket på vår heimeside: www.kartverket.no
 

Arbeidsområde:  Eiendom
Heltid/deltid:  Heltid
Stillingstype:  Feriejobb
Sted: 

Kinsarvik, NO, 5780

Søknadsfrist:  04.03.2024